Tuesday, November 25, 2008
I'm back!
Det eg undrar på i dag er om andre har hatt den samme opplevinga som meg når det gjeld drøymar. Eg har to gongar hatt så morosame drøymar at eg har våkna av at eg har ledd. Er det nokon andre som har opplevd dette?
God Tysdag alle saman, og JA, denne bloggen er og forblir nynorsk.
Thursday, April 26, 2007
Da e ikkje berre eg som drømme!
Eg (Erna Irene) og du (Vilde) var på tur og så møtte me på Ivar Aasen...
"Hei!" sa du høfleg. "Eg heiter Vilde!" Og så tok du han i hånde..
Då sa han: " Du må ta vare på dialekto di, og bruka den nynorske versjonen av namnet ditt!! -VILETE-
For dei som ikkje tok den: bilde/Vilde - Bilete/Vilete
HAHAHA! :D
Wednesday, April 18, 2007
Drømmar
Eit eksempel: Ei natt drømte eg at eg var på eindagstur til underverdenen, som i drømmen var eit samfunn som var inne i jordkoden sjølv om dei hade ei eiga sol og slikt. eg skulle berre vere der ein dag, men viss eg vart stukke av ei humle måtte eg vere der for altid. selfølgelig kom det ei humle! den suste etter meg og så blei eg stukke. Eg husker at eg fekk ein sikkelig tom følelse inni meg og livet mitt parserte som ein revy ford eg viste at eg skulle vere der for alltid. Sidan eg var så lei meg, gjekk eg bort til eit vindu, og såg opp på himmelen. Siden eg var inne i jorda, var antarktis 'skyene' på himelen. men når eg hadde sett opp ei lita stund, la eg merke til at det ikkje var Antarktis alikavell! :-O Det var ei båtmast!!
Eg skjønne ikkje korleis det kan vere bearbeiding av mange inntrykk eg fekk den dagen, men eg fekk det vertfall morsomt når eg vakna...;)
Thursday, March 29, 2007
Hæ? Tikken? Tatt? Eg?
2. Eg kan nesten alle replikkane i Bare Bea og Aladdin.
3. Eg har laga knappar til putene i Kongeskipet. (veldig stolt)
4. Ein gong vart eg så sint på storesystera mi at eg kasta eit knekkebrød med nugatti på i fjeset hennas at det hang fast.
5. Eg kan våkne med hovudet der føtene var før eg la meg.
6. Like ikkje ting som er store men burde vere små. For eksempel ender. (fuglar skal vere små)
7. Eg har hatt tusselus, sneglar, edderkoppar, mus (utemus), hamster, katt, kanin, pinnedyr, stingsild, rumpetroll, og fiskar som kjæledyr.
8. Då eg var liten fekk eg ein veps i slikkepinnen.
9. Når eg var liten satt eg meg i ein stol i eit utstillingsvindauge og leikte ustillingsdokka.
Eg trudde alle som såg meg oppfatta meg som ei dokke.
10. På barneskulen blei eg kalla sjanglebein fordi eg alltid snubla i mine egne bein og fordi folk aldrig kunne sjå kva veg eg skulle skyte i fotball. (eg visste ikkje alltid kor eg skulle skyte sjølv)
11.Når eg var liten og på besøk hos bestemora mi, fanga eg floger og reiv av føtene og vingane, putte dei i ein boks og gav dei til katten.
Friday, March 23, 2007
Bisarr?
Eg har no fått beskjed av enkelte at eg bør oppdatere bloggen min. So no er eg i full gang. Eg tenkte at eg skulle skrive noko litt interessant, så eg tenkte eg skulle "google" meg fram til noko spennanede. Men diverre(?) er verdsveven så stor at det er vanskelig å finne noko som appelerer til mitt humør. Eg begynte å tenke litt på ordet 'bisarr'. Min meining er at bisarr er noko so er rart, uvanlig, men likevell litt på kanten ekkelt. For min del er det få ting som kan gå under kategorien bisarr. Det burde være spesielle krav til ting for at det skal gå under kategorien bisarr. Eg lurte litt på kva andre tenker er bisarr, så eg gjekk inn på google bildesøk, og søkte på bisarr. Eg valgte dette som det endelige resultat.Ein nasehårtrimmer som ser ut som ein finger. Den er både
rar, uvanlig, og ekkel, som var mine kriterier.
Ha ei god helg!
(må unskulde min blanding av nynorsk, bokmål og dialekt)